lørdag, mars 25

Torsdag ettermiddag

Ja, nå undrast de kanskje. Kva skjedde eigentleg? Eg må seie, eg hadde ikkje forventa at kommentarane skulle koma så fort, så eg er litt treig å oppdatera. Beklager. Men no kjem i alle fall det alle har lurt på.

Det var ein torsdag ettermiddag i mars. Sola skein, men vinden blåste, så det var heller kaldt ute. Eg var på veg heim frå skulen, og var nett komen til togstasjonen. Det var framleis ei stund att før toget skulle koma, så eg sat meg ned inne i skuret, og sendte nokre meldingar. Der og då var eg utruleg takknemleg for å ha mobilen.

Så kom toget, og eg gjekk bakover, slik at eg skulle rekkja bussen heim når eg kom til Bryne. Eg tenkte tanken eg ofte har frykta, og ville derfor skunda meg å hindra dette. Mobilen var allereie på veg til lomma. Så hende det noko som aldri har skjedd før. Eg glapp mobilen, og såg til min store skrekk at han hamna under toget!

Kva gjer eg no, tenkte eg. Togkonduktøren hadde sett kva som skjedde, og eg spurde om eg kunne henta mobilen før toget reiste. Kven andre enn eg kraup inn under toget, fann mobilen og kravla meg opp på perrongen att? Så tørka eg snøen av han, tok med meg sekkane mine og gjekk nøgd inn på toget. Mobilen var redda, og eg hadde sett toget frå eit nytt perspektiv - frå undersida.

Når eg fortalte dette til far, var fyrste reaksjonen "Du er sprø!". Kanskje er eg det, men eg har framleis mobilen, og eg rakk toget, så det kan ikkje vera så altfor gale?

Lurer på om eg får kommentarar på denne bloggen og...?
hehe...

Ja, dette var ei lita oppdatering om kva som skjedde med meg ein torsdag ettermiddag i mars. Er det nokon der ute som har vore utfor det same?

3 kommentarer:

Linda sa...

Wow!!!! Sygaste!!! Derfor du kalte d forriga innlegge for nytt perspektiv! Hihi! Men tenk så kult å ha sett et tog underifra! Va bra du fekk henta mobilen då! Wow! Haha! Stili!

Anonym sa...

Hehe.. lurte på om det var dette du tenkte på etter forrige samtale på msn..
De eneste togene jeg har sett fra undersiden er nok leketog! :)
I hope to keep it that way too..

Linda sa...

Hehe! Egentli eg og, mn må jo ver litt kult å se onna et skikkele tog og =)