lørdag, mars 18

Stressa

Å fylla året er stress. Dagen er ikkje komen, men allereie har eg byrja å tenkja korleis eg skal løysa problemet i år. Faktisk byrja eg å tenkja på det i det kalenderen viste mars. Eg har tenkt ein del. Tenkt og tenkt, men ikkje funne noko løysing. Kvifor må ein fylla året? Alle vil så gjerne koma og feira dagen saman med meg. Sjølvsagt er det kjempekoseleg at dei vil det, misforstå meg rett. Problemet er berre det at eg så gjerne vil ha tid til alle som kjem. Det vil med andre ord seie at eg ikkje berre kan be alle på ein gong. Ope hus hadde vore den enklaste løysinga, men er det den beste? Eine delen av meg vil helst berre vera med gode venner og slappa av og snakka, sjå film og eta og le. Den andre delen av meg ynskjer å samla mykje folk, venner, personar eg er glad i, og andre som vil koma. Berre ha mange kjende rundt meg, og kjenna at folk vil koma til meg. At folk bryr seg om meg, og har tid til meg i ein ellers stressa kvardag. Kjenna at eg betyr noko for andre, at det er ein grunn til at eg fins.

Tankegangen stresser meg. Eg føler eg ikkje strekk til, at alle forventningane vert for mykje for meg. Aller helst vil eg at alle skal få det som dei vil. At alle skal ha ein fin dag, og kosa seg. Det er dette som betyr mest for meg. Problemet er berre det at eg ikkje kan gjera alle til lags på ein gong. Kva gjer eg då?

Nokon som har ei løysing?

20 kommentarer:

Linda sa...

Du kan jo ha ein kvell me de nermaste vennane dine, og ein aen der du innvitere te åpent hus =) Når e d du fylle åre? Du må jo ikkje stressa me d, d e jo tross alt din dag! =)

Silje og Dan sa...

ja, he tenkt den tanken æg ao, men greie kje varta heilt enige mæ mæg sjøl på kæ æg ska jær.. æ 1. april, så he jo ei lidå stonn te å tenka jaffal, men æ kje så lenge te.. åsså fylle jo odd åre rett føre ao, dæ æ litt kosele=)
takk for forslag jaffal, må tenka litt meir øve dæ trur æg..=)

Linda sa...

Okai =) Lykke te me valgå då. Ikkje slid deg ud. Når fylle Odd?

Silje og Dan sa...

odd fylle den 27. mars=) hehe=)

Linda sa...

Okai =)

Silje og Dan sa...

trur løysingå varte en tur mæ en liden vennejeng tilgt på dagen å åbe hus sånn frå åtta å udøve elle noge sånn.. =) tippe dæ sikkart æ besta løysingå..=)

Linda sa...

D hørres bra ud =)

Silje og Dan sa...

dæ æ gått du gidde kommentera, så får æg jaffal nogen kommentara;)
lure på om folk læse på siå mi sånn i dæ heila egentle.. =)

ellars så tenkte æg vel egentle å skriva et nytt innlegg, å vurderte å jær dæ nå, siå æg ikkje he noge å jær på uansitt...

Linda sa...

Eg lige å skriva kommentarar =) Du kan jo setta inn en teller på siå di, så kan du se om der e folk så ser på siå di =)

Ja skriv nytt innlegg =) Hehe, e så kjekt å lesa =)

Anonym sa...

Kjære. du veit eg les
les og saknar deg
du e mi tøtta
eg e din sko
hm.. kanskje eg burda øvelata riming til Odd mon tro?

Men du veit,
eg e gla i deg lille venn!
så ja, eg kjeme nok snart igjen!
Livet e herligt, du e topp!
men no får eg stoppa før dikte blir ein flopp..

me snakkes lille tulla!

Silje og Dan sa...

kan tru dæ tog mæg lange ti å finna ud kem dæ va... =) men trur æg he fonne løysingå nå.. men må sei dæ.. av frykt for å ta feil, så håbe æg på at du avsløre din identitet=)

takker for kommentar, søvnlaus=)

klem silje

Linda sa...

Hmmm, nå blei eg nysgjerrige! Kem kan d ver?

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

jepp, det va nok meg ;)

Eg ska hjelpa Linda litt siden hu og lurte..

Eg har ein ven i verden
Silje tulla mi
Hu mi sørste gleda
og tar all min knib

ja, silje og eg e uadskillige
me e ett samtidigt to
eg blei fødd på sjugehus
åg d blei hu o

eg lige godt å spisa is me youghurt,
vaniljesaus og karamell,
mens Silje spiser med sprøsteigt løg,
som far min lærte hu te sprell

(melodi: surre flua mi)

Silje og Dan sa...

hehe=) SURRE!!!!!! =)

lenge har det gått,
utan all vår lått.
det er ganske leitt,
og iallfall ikkje greitt!

snart me treffast må,
eg får byrja gå.
då må eg ta fergen,
opp til blaute Bergen.

om du heller vil
ned her du høyrer til,
så kan du sova her,
i all slags vind og vær.

eg saknar deg så
at eg nesten må
vera litt lur
og gå meg ein tur.

men kjem du hit,
så set din lit
til min song,
som du høyrde ein gong.

me song duett,
ja, det var lett.
du song så godt,
det var kjempeflott!

håbe me snakkes snart=)
ska snart skriva nye tekst te en sang te dæg, så fort æg får ti... =)

klem=)

Anonym sa...

hei silje, eg les bloggen din, vertfall kommentarane:p men eg går på skule og då klarar eg ikkej fylle med på alt!!

snakkiz pakkiz

Linda sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Linda sa...

Jupp, eg fant ud kem d va =)