fredag, august 1

Ei veke igjen!

For berre ei lita stund sidan byrja den for mange etterlengta sommarferien. Denne ferien var ikkje så etterlengta frå mi side, men den kom likevel. No ser det derimot ut som at den lange ferien går mot slutten. Siste jobbdag var i dag, og den siste veka av ferien min har offisielt byrja. Neste torsdag, 7. august, flytter eg nemleg inn i min kjære hybel på Ansgar, Hånes. Eg gler meg så mykje at eg knapt kan venta. Samstundes byrjar eg å innsjå at eg har ein del å gjera, så det er truleg greitt at det framleis er ei veke att.

Planane for det komande året er førebels:
1. vera miljøarbeidar (25%) på Ansgarskulen, heile året
2. studera musikk, haust
3. studera på Ansgar (veit ikkje kva), vår
4. helgeturnear med koret, heile året
5. 10- dagersturné med koret, vår
6. forhåpentlegvis ein av linjeturane til bibelskulen ein gong i løpet av året
7. gå på dansekurs saman med Kristine Nilsen, heile året (etter planen)
8. drikka oboy med Nina kvar morgon før skulen (var det ikkje noko slikt me avtalte?)

Eg gler meg så utruleg mykje til dette året, det kjem til å verta eit enormt spanande og utfordrande år. Det vert heller ikkje berre norske elevar i år, men og elevar frå m.a. Columbia og Danmark. Med andre ord får ein ei oppfrisking i engelsken og kanskje eit par innblikk i andre kulturar. No får eg berre håpa at eg har det eg treng til hybelen, at eg får alt inn i bilen, og at eg og Karen Elise får tatt ein tur til IKEA på mandag så me kan få handla dei siste naudsynte tinga.

Til den som lurar på kvifor det plutseleg kom eit innlegg på nynorsk, så skuldast dette berre at eg trengte å minna meg sjølv på kva som eigentleg er hovudmålet mitt. Eg beklager på det sterkaste til dei som slit med å lesa dette: Finn ein Bibel på nynorsk, det er verre å lesa!

Ingen kommentarer: