Kampanjen var god i seg sjølv, me måtte gå ein liten omveg, men dersom det kunne "redda liv", så gjorde me gjerne dette. Men som sagt, kampanjen fekk ein brå slutt, hovudsakleg takka vera meg og forholda. Me byrja bra, fyrste gangfeltet var kjempegreitt, gangfelt plar jo ikkje akkurat vera nokon fare, heller motsatt. Så skjedde det avgjerande. Sidan kampanjen gjekk ut på å faktisk gå over på gangfelta, kunne me ikkje gå rett på sida av stripene, eller mellom stripene. I forsøket på å understreka dette, fekk eg pressa Mari ut på stripene.
Så kom feiltrinnet. Lille (?) Silje, med to svære sekkar på ryggen og joggesko på beina klarte å skli på desse stripene. Det hadde tydelegvis vore kaldt om natta, og tinninga mi sikta seg inn på asfalten. Sekkane mine lot seg ikkje be to gonger, dei hoppa over hovudet og var på god veg mot underlaget. Rask i reaksjonen som Mari er (eller var det berre tilfeldig at ho gjekk på sia av meg?) fekk ho stoppa fallet, 10- 20 cm før et traff asfalten. På grunn av "redd liv"- kampanjen var det så vidt at eg kunne spela på konserten vår same kvelden. Takka vera Mari og hennar høgst beskyttande hender (eller tok ho imot med hofta?) vart imidlertid skjebnen min annleis.
Så til alle som vurderer å gå over gangfelt i staden for å kryssa gata, tenk to gonger, og gå heller litt forsiktig. Elles kan de fort enda i ein litt vel ironisk situasjon i forsøket på å redda liv. Følg gjerne mitt døme, men sørg for å ha ein reddane engel på sida.
2 kommentarer:
Takk for at du delte dette, Silje. Det er til inspirasjon og etterfølgelse! Her i Heidelberg tror jeg likevel jeg holder meg til stripene og grønn mann... har til og med da holdt på å bli påkjørt...
Ja, æg må sei at æg ikkje æ heilt 100% enige i prinsippe om å halla sæg vekke frå stribene.. æg jekk øve gangfelt seinast i dag.. men æg må sei at æg skvatt litt når æg haldt på å tryna.. =)di burde hatt varmekabla i stribene! =)
Legg inn en kommentar