mandag, juli 3

Neustadt, helga og förste skuledag

I helga var me aa klatra paa lördagen, fraa 12-17. det var kjempekjekt! eg klarte faktisk alle löypene me prövte paa, altsaa minst vanskelighetsgrad 5 (det gaar til 11). eg har aldri klatra ute för, og derfor er det og ein del vanskeligare, saa det var kjekt naar eg faktisk fekk det til. me klatra saman med onkelen og tanta til Svenja ("söstera mi"), og mora til Svenja var og med. begge er kjempegode klatrarar, og onkelen er heilt vill. han klatrer til vanskelighetsgrad 9 uten problemer.

eg syns det var litt vanskelig aa snakka med familien i begynnelsen, särlig sidan dei snakkar dialekt (felsisk), og eg forstaar saa vidt högtysk. men no gaar det betre, og eg forstaar det meste. eg klarer til og med aa gjera meg forstaatt, med tysk! sjölv om eg ikkje kan orda, saa pröver eg aa forklara det eg vil fram til, og daa forstaar dei. engelsken bruker eg eigentleg mesten ikkje, for eg husker faktisk mesten ikkje engelsk lenger. eg kan ikkje ei gong seia kva eg heiter. kan nokon sei meg kva det er paa engelsk?

paa söndag reiste eg og Svenja til Speyer, ein by ikkje langt vekke herifraa. der traff me Dasha og Kristy, altsaa ein utvekslingselev og vertssyster hennar. me gjekk litt rundt i byen, för me kjöpte is. eg har no forstaatt at det finst to typar is; vanleg is og italiensk is. eg hadde Spaghettieis mit Erdbeere (altsaa vaniljeis med jordbaer og Sahne, der isen ser ut som spaghetti). det var kjempegodt, men isen var megasvaer, og det var saa vidt eg greide eta den opp!

i dag var det skule, saa eg maatte staa opp kl. 7. Sidan eg vakna kl. 6, gjorde det ingenting. me sykler til skulen, det tek 5-6 minutt. der hadde me fyrst eit startsmöte med rektoren og Frau Adam, der me sa litt om kva me heiter, kvar me kjem fraa, og kva me likar aa gjera. saa gjekk me til klasserommet der me skulle ha eit par timar. först hadde me geografi. herr Leist, som leraren heiter, var kjempekul! eg trur aldri eg har laert saa mykje i ein time som i geografitimen i dag! me koste oss masse, aa i tillegg laerte me noko liksom!

musikktimen var og kjempekjekk! me forebereder ein avslutningsfest (som eg faktisk ikkje har faatt med meg kva tid skal vera), men der skal eg visstnok baade synga og spela. men eg greide aa synga i Bonn, framfor 100 folk, der eg kjente ein del av dei, saa daa klarer eg det og her i Neustadt. etter at me hadde forberedt festen litt, laerte me ein dans fraa mexico. det gjekk faktisk greitt aa lera dansen, sjölv om herr Leist snakke tysk. me forstod alt, og klarte oss kjempebra vil eg sei. det er ikkje saa hytt i gruppa vaar om ein drit seg ut, saa det gjer liksom ingenting om me gjer noko feil eller om me gjer noko ein eigentleg ikkje ville gjort til vanleg. det er kjempelöye og kjekt.

etter musikktimen laerte dei fra hellas oss ein gresk dans. den var eigentleg ganske lett, men det gjorde bare alt mykje kjekkare. saa gjekk me til markedsplassen i Neustadt, og inn i Raadhuset. der snakkte me massse med borgermesteren, me hadde eit langt, men faktisk interessant möte der. borgermesteren var sehr witzig (eeh.. norsken min er litt daarlig for tida..). han fekk oss alltid til aa le, og saerleg nokon av oss (altsaa me norske, og ein fraa hellas) klarte ikkje stoppa aa le. her faar me eigentleg solche Salzkuchen, altsaa saltstenger, berre forma som kringler. det var kjempegodt heilt til eg kom til alt saltet...

etter mötet fek me omvisning i Neustadt, der Frau Adam saerleg ba oss leggja merke til husa, sidan dei er ganske saa spesielle. det var litt vanskeleg aa fylgja med paa alt ho sa, sidan det er saa utruleg varmt her nede, men eg fekk naa med meg ein del. dei har utruleg mange fontener her! nokre finare enn andre, og nokre veldig witzige (noch einmal etwas Deutsches..). dette var eigentleg heile skuledagen. aa timane er forövrig korta ned 5 minutt (eller meir?) pga varmen her, saa me slutter minst ein halv time tidlegare enn me eigentleg skal.

etter skulen bestemte ein del av gruppa vaar seg for aa reisa ins Schwimmbad. det var kjempekjekt! der var det minst 5 forskjellige basseng, nokre til aa stupa i, andre til aa symja i, og nokre der det var saann ström, berre mykje betre enn den paa havanna, for her kunne du faktisk ikkje staa i botnen, du bare for rundt til du vart kasta ut. det var og eit par sklier, den eine var ei kort, brei sklie der du fekk ein vanvittig fart! den andre gjekk seint för me fann teknikken. gutane som rant der, drog faktisk ned badebuksa, og for i ein vill fart nedover! eg prövte ikkje akkurat den teknikken... men me fann no ut korleis me skulle faa like god fart. det endte med at eg for rundt i ein sving (altsaa heilt opp paa kanten, til det ikkje var meir kant) og landa paa hofta og skuldera. veldig behageleg. men det var ikkje verre enn at eg maatte pröva om att.

no er eg komen att til familien, og me har ete pannekaker. dei var eigentleg ganske anderledes enn norske pannekaker (i likhet med all tysk mat som skal vera det same som i norge), men det var greitt. eg har og laert mange tyska smaasangar aa saant. i gaar laerte eg vm- sangen te tyskland (gaa paa yahoo.de, paa musikk, aa "54, 74, 90, 2006". daa kan du sjaa sangen). eg liker meg faktisk kjempegodt i familien naa, dei er kjempekjekke, og har god humor. eg laerer kjempemykje av dei, og dei dreg meg med paa mykje rart.

naa skal me eta tysk sjokolade og snakka tysk paa balkongen. forhaapentlegvis er det ikkje saa varmt i kveld som i gaar kveld, saa eg faar kanskje sova. i dag, i 5-6- tida var det faktisk 35 grader i skyggen her, saa eg frys ikkje. naar eg kjem heim att, derimot, frys eg nok litt. det som skuffer meg litt, er at eg ikkje har faatt noko saerleg farge her nede. eg haapte eg skulle klara aa fjerna skrifta paa magen min, men den gong ei. men eg har framleis tre veker aa gjera det paa. de maa senda meg ein mail dersom de vil, det er saa kjekt aa lesa. og eg er og av og til paa msn, saa viss de har flaks, er eg der. snakkes! store, veeeldig varme klemmar fraa meg.

og forresten. tyskarar er frampaa, det maa eg sei. me var ins Schwimmbad i dag, og der kom ein tysk bort til meg, eg kjenner han ikkje. han sa "mein Freund findet dir sehr süss". lite flaut, men dödshumor! eg trudde eg skulle detta om av latter, men varmen som steig i fjeset mitt var nok verst. saa, alle jenter, pass dykk for tyske gutar, dei seier saa mykje rart. men dei er kjempemorosame. aa gruppa mi (med folk fraa saa mange land) er og kjempemorosam. alle snakker litt tysk, men det gaar mest i kroppsspraak. kjempehumor! bis dann! tschüss!

Ingen kommentarer: