onsdag, februar 28

Voggesang for ein bytting

Bileta kjem snart, det lovar eg, men i mellomtida håpar eg at dei som har tid les dette diktet av Halldis Moren Vesaas:

Voggesang for ein bytting

Bysse bysse stort stygt barn.
Troll blir du kalla med rette.
Digraste gryta må hengast i jarn
om du skal få din mette.
Vogga du ligg i er snart for trang,
du kavar og skrik og vil opp i mitt fang.
Tung er du, tung – og natta blir lang
for den som må bysse ein bytting.

Du er ikkje barnet mitt,
men eitt som er på meg tvinga.
Mitt barn var lite og vakkert og blidt,
og vermde så mjukt mot bringa.
Alle som ser deg, gir meg det råd
at eg burde plage deg, lugge og slå,
så vart du vel henta, så kunne eg få
tilbake det barnet eg miste.

Bysse bytting stor og stygg
-sjå ikkje såleis på meg.
Eg skal ikkje slå deg, ver du trygg,
og ingen skal ta deg frå meg.
Den andre er kvarmanns gull der han er,
men du, du er hata av alle her,
så trengst det da visst at eg har deg kjær.
- No trur eg du endeleg sovnar…

3 kommentarer:

Ina =) sa...

HAHA!! ÆG HE TIKKT DÆG!!!
sjekk ud: www.inahusveg.blogspot.com

Cecilie sa...

Æ åsså har "tikka" dæ Silje!!!!!!! Se bloggen min for mer informasjon!! :P

Karina sa...

DU har blitt TIKKET!!! Se bloggen min for mer informasjon!! :-)