onsdag, februar 7

Leaving for London...

Onsdag, torsdag, fredag, lørdag.. Så kjem sundagen. Alle gler seg noko heilt vanvittig, dei kan mest ikkje stå i ro når nokon nemner London. Eg for min del kjenner ingenting, absolutt ingenting. Det er ganske rart, egentleg. Eg, som aldri har vore i London eller England før burde jo gleda meg meir enn alle andre. For ikkje å snakka om alt det me skal gjera. Berre det er grunn nok til at augene skulle glitra. Så kvifor gjer dei det ikkje?

Kanskje er det berre fordi det kjem så plutseleg. Klart, eg har visst det lenge, men det har vore så langt fram i tid. Forhåpentlegvis er dette årsaken. Eg byrjar truleg å gleda meg i løpet av dei næraste dagane. Så lenge det ikkje dryg for lenge, så står eg på Sola, utan å kjenna noko. Det hadde vore kipt.

Uansett, eg skal prøva å ta haugevis av bilete, både frå Londonturen og Bergenturen, så skal eg blogga så fort eg kan!

Have a nice holiday!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Tenk så heldig du er. jeg ville gjerne vært i dine sko.

Silje og Dan sa...

ja, æg æ heldige, men sånn dæ æ akkorat nå sko æg meste ønska at dæ va nogen andre så fekk turen, nogen så hadde kjempelyst å reisa, men så ikkje konne liksom.. men for all del, æg æ galheldige.. kan kje sei noge på dæ.. alt dæ me ska jær liksom, en kan kje få dæ ijenn på en seinare londontur, då må dæ isåtilfelle vær i en lignande samenheng..

Anonym sa...

Kjenne faktisk det sama eg silje=P elle, eg glede meg litt, men e så spente samtidig... he INGEN forventninga i det heila... men eg trur d blir et eventyr eg=D rett og slett;)

Pingu