tirsdag, oktober 3

blinde ser igjen...


Dei fleste veit vel at eg har ein blind gut i klassen min. Han vart fødd blind, og har derfor aldri sett verda før. Rundt påsketider i år, skjedde det derimot noko. Eg var på tenoase experience saman med mange andre, deriblant Kristin frå Lye, som og går på skulen min. Plutseleg fekk eg så for meg at eg skulle gå til han blinde i klassen min, og be for han om at han skulle få sjå! Feig som eg er, våga eg mest ikkje tenkja på dette ei gong. "Dessverre" for meg, snudde Kristin seg mot meg akkurat då, og eg måtte berre fortelja dette til ho. Eg sa til henne at eg aldri kom til å klara det åleine, og at eg derfor trengde nokon. Ho sa seg villig til å vera med, og me gjekk saman fram til forbøn for dette.

Når me var til forbøn, bad me veldig mykje for han blinde, mellom anna at han skulle få sjå att, og at Gud måtte gjera han open for det, og at Gud måtte verkeleg kalla han til seg. Me bad og om at me måtte få styrke og frimodighet til å våga å ta sjansen, for trass alt, går det mot all logisk forstand at ein som er blind skal kunne sjå att. Etter forbøn var me kanskje ikkje heilt klare for å gå inn i gjerninga, men me var i alle fall sikre på at Gud var med oss, og at Han hadde høyrt vår bøn.

Dagane gjekk, anledninga baud seg liksom ikkje heilt, og etter kvart vart saka litt etter litt gløymd. Kanskje ikkje heilt gløymd, men ho var ikkje i hovudet heile tida. Eit nytt skuleår starta, eg merka litt endringar på denne guten, han hadde vorte litt forandra, og eg byrja å tenkja på om tida snart var mogen for denne gjerninga. Tida gjekk vidare, men det var liksom aldri tid og rom for dette. Alltid var det masse folk eller feil setting.

I dag snakka eg med han som han blinde bur saman med. Eg snakka litt med han, og nemnde at eg tykte han blinde hadde endra seg litt. Svaret eg fekk var "ja, men han e jo blitt en kristen, han vart det i påsken". Oi, tenkte eg, dette hadde eg ikkje høyrt noko om. Timen etterpå klarte eg ikkje venta særleg lenge. Ved fyrste anledning måtte eg bort og snakka med han blinde. Eg spure om det stemde at han hadde vorte kristen i påsken, og kva dag i påsken dette var. Då svara han "nja, det var vel nærmare bestemt måndag etter heile påsken var over". Tenoase experience var helga før denne måndagen. To dagar før han vart kristen, ba me om at han måtte få sjå.

Han fekk sjå! To dagar etter me hadde bedd for han! Me visste ingenting, før no!

Ja, han fekk sjå. Kanskje på ein annan måte enn venta, men Gud veit kva som er best for kvar enkelt, og sanneleg, Gud gav han det beste, ikkje å sjå fysisk, men å sjå psykisk! Gud viste han sanninga, og denne blinde guten gjekk over frå døden til livet! Takk og lov, halleluja!

Gud er god.

6 kommentarer:

Anonym sa...

jeg tror ikke.. men ble interessert i Tenoase experience.. kan du skrive noe mer om det?

Anonym sa...

Fantastisk!! Slik var det jo også da de firte den lamme mannen ned gjennom taket foran Jesus. Jesus tok hovedsaken først: "dine synder er tilgitt". I neste rekke kom helbredelse. Stå på, vær frimodig! Gud lar aldri noen i stikken når de stoler på Ham!!!

Silje og Dan sa...

takk for kommentara begge to=)

cake: ska prøva å få skreve noge om Tenoase experience. for å vær ærlige, va dæ fussta gongå æg va på dæ sjøl.. men for tiå he æg kje så møje ti, men når haustfærien kjæme, så ska æg nok prøva.. men litt nysjerrige.. koss fant du siå mi? koseligt forresten!=)

alette: ja, stemme dæ, å dæ æ jo dæ så æ viktigast, uansitt! Gud æ heilt fantastiske, halleluja=) takk for kommentaren, æ så jillt å sjå at dæ æg skrive faktisk blir læst av nogen..=)

Linda sa...

Wow! Fekk frysninger. Kjempebra! Herligt =) :D Dødsbra blogg

Anonym sa...

Halleluja!

Live sa...

Hallelujah sistah! Du vett sikkert ikje kem eg e,men eg har sett deg på skulen.. Du skrive enormt bra og spennande, d e kjempekjekt å lesa d du skrive!