tirsdag, mai 23

STOOOOOOORT!!!!!!!!

Alle veit at eg ikkje er noko datageni. Det har eg aldri vore, og kjem truleg aldri til å verta det heller. No har det seg sånn at eg greide å få virus på dataen min, noko som har plaga meg i fleire veker no. Eg fekk det ikkje vekk, og det gjorde ingen andre heller. Derfor hadde eg eigentleg gjeve opp heile greia, og håpa eigentleg berre på at det ikkje skulle gjera noko skade. Det gjorde det sjølvsagt, til min store fortvilelse (det var tross alt eit virus).

I dag byrja det ganske greitt, einaste var at eg ikkje klarte å endra startsida på internett, og at det gjekk ganske treigt, for ikkje å nemna alle pop-upane som kom i tide og utide, med tilbod eg absolutt ikkje ville ha (les: sex- tilbod og casino). Hadde eg berre kunna fjerna det hadde eg gjort det frå fyrste pop- up. Så, medan eg sat ved dataen, fungerte plutseleg mest ingenting, og eg var nøydd til å restarta heile pcen. Når eg hadde fått han i gang att, køyrde eg ein scann, og fann 9 trojanarar. Oh no!!

Heldigvis så har eg faktisk mine lysglimt av og til. Eg skreiv av eine namnet på eine trojanaren, for den såg ut til å vera vidareutvikla eller noko (ikkje spør korleis eg kom på det, men det falt meg no inn i alle fall). Så eg skreiv dette inn på startsiden.no og søkte. Då kom eg til ei skildring av nett denne trojanaren. Det viste seg å vera ein Puper, noko som kopierer seg sjølv kvar gong explorer vert opna. Dette førte jo sjølvsagt til ein del virus sjå meg.

Så kom lysglimtet. Det stod at Puperen vart sletta kvar gong dataen vart skrudd av, og at den dermed vart automatisk gjenoppretta, sidan den låg i System32. Hjernen arbeidde på heilspreng, for dette går det jo an å skru av! Med litt hjelp frå internett fann eg ut korleis eg gjorde dette, skrudde av automatisk gjenoppretting, og restarta dataen.

Halleluja! Det fungerte faktisk! Så var det berre å endra startsida, setja på automatisk gjenoppretting att, og køyra ein scann for sikkerhetsskuld. I'm free for virus!! YEEEEEEY!!


Det var vel alt om mitt framskritt i data-verda, håpar eg får fleire slike!

8 kommentarer:

Erik sa...

Fra nå av ringe eg t deg når eg har dataproblemer :D

Silje og Dan sa...

Nina: hehe=) va nok mest flaks då, men va utrule kult! æ heilt gira nå, kan kje læsa tysk nå..=)

Erik:heh.. oups.. sadse på at æg greie dæ umuliga ennå ei gong.. men æ allti jillt å udvida horisonten! =)

Linda sa...

Oj, så flinke du e!! Men du, vett du ka en trojan e for någe?

Silje og Dan sa...

jepp, men dæ besta du kan jær æ å søga på nette for å få foll informasjon om dæ.. men æg vil ikkje anbefala å lasta ner et evntuelt program så ska ta dæ vekk, for dæ ligge ofta fleire virus inni programmå.. dæ besta æ viss du klare fjerna dæ sjøl..=) men dæ æ kje adle trojanske hesta så æ farlige he æg inntrykk av, mange æ bare utrule plagsomme.. men æg he hatt dæ ao ei gong, å me måtte formatera heile pcen, for dæ jekk for lange ti før me fekk toge trojanaren, så han hadde lagt sæg så langt inni systeme at dæ ikkje går an å fjerna an..

he du fått trojanar?

Anonym sa...

åhh, silje ,æg trur me he noge av d sama.. å d æ villt irri!! =) hehe.. såe bare sei viss du he lyst å komma å fiksa d :) (a)

Silje og Dan sa...

hehe=) kan jo prøva.. =) men nå ska dæ seiast at æg fant ud at æg bare hadde fått fjernt dæ eina viruse då..=( men et æ bære enn ingenting=) men bare sei ifrå, så ska æg prøva å jelpa;) så sant æg kan få dæ te då.. men æ kje så vilt smarte på dæ område.. heh..

Anonym sa...

kæ æ dæ me he gutta for spør nå bare æg då men.. :P hehe
(får di som ikje tog dn suge æg liga møje i data.. :P)

jojo men du æ flinke!! stolte av dæg! ;D hehe
elsk yu a hole lot of plenty! ;D

Anonym sa...

hei. sikkeligt kult at du klarte å fjerna det viruset. hadde aldri klart det sjøl.
lykke te på eksamen i mårå.

gla i deg.