torsdag, mars 13

Tekniske duppeditter = irritasjon

I dag hadde eg endeleg manna (dama?) meg opp til å svara på ein hensynslaust lang mail. Som alle fornuftige menneske i verda, skreiv eg sjølvsagt svaret direkte inn i mailen i staden for å kladda han fyrst. Eg tykte eigentleg svaret mitt var ganske bra med tanke på kor utfordrande spørsmål vedkommande hadde stilt. Då eg var ferdig å skriva mailen, var den på lengde med ein norskstil frå 8. klasse. Lita tid som eg hadde, og kjapp i vendingane som eg er (i alle fall når det gjeld trykking og snakking), så trykka eg på send.


Å NEI!

Knappen eg trykka på var ikkje send, det var "back to inbox"! Mailen var og blei vekk, aldri meir ser eg noko til den. Trur du eg har svart på mailen no? Å neida, den ligg nok markert som ulesen i innboksen min. Når eg skal skriva lange mailar, skal eg byrja å kladda dei fyrst. PUNKTUM!

6 kommentarer:

Rune Boel sa...

haha....

hadde du hatt f. eks gmail.com

så hadde den faktisk blitt lagra mange ganger mens du skrev den. så kunne du hentet den opp igjen.......... uansett hva du hadde trykka på...

Anonym sa...

Hehe stakar! Kjenne te problemet fra endel av dei fine oppgavane me fekk på ungdomsskulen der pcen plutsele klikka sånn at du måtte starta an på ny og alt du hadde gjort blei sletta...alltid liga kjekt. Kladding er en veldig grei ting!!

Nina :)

Silje og Dan sa...

Ikkje sant. probleme va bare at facebook IKKJE he denne geniale kladdefunksjonen! kjipt, men sant... grrr...!

Anonym sa...

hehe, du e søde du Silje :)

Linda sa...

Åh, det e så vanvittig plagsomt! Det har eg gjort kjempemange ganger på facebook, men heldigvis ikkje me sånne lange mailer/beskjeder på lengde med en stil i 8klasse :P

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.