mandag, november 19

Siste nytt






Det har skjedd ein del i løpet av den siste månaden. Forutan turnéhelga har eg vore og sunge litt rundt forbi, eg har vore på team på lagsbussen ei helg, eg har vore fadder i barnedåp og elles har eg berre nyte livet. Her kjem nokre bilete frå den siste månaden.





På turné. Meg og Ingeborg før me skulle sova.



På bussen heim frå turné. Petter klaga på mine sovestillingar,

men eg tykkjer ikkje han var betre sjølv...



På team på lagsbussen i Tønsberg på Get Focused. For ei kjempehelg!


Eg var fadder for Silas Sandsmark i barnedåp. Sidan dette var i turnéhelga, reiste eg heim lørdag og ned att rett etter middagen på søndag for å rekka siste konserten. Det var ei fantastisk helg, men det tok på!


Utsikta mi! Eg måtte berre få med kor fint det er her, særleg når det er fint vêr. Likevel er naturen veldig annleis enn heime, så det er litt rart. Eg kjenner at eg saknar naturen heime litt.

Eg og Petter var på Samsen og klatra. Det var sårt sakna, merka eg, men det var desto kjekkare å få klatra att! Ønskeliste til jul: klatreturar!

Eg trur kanskje eg tok litt hardt i når eg klatra. Både klatreskoa og sokkane mine tok i alle fall kvelden. Godt det ikkje var selen som gjekk sund!

To sider av samme sak? Litt like er dei no i alle fall, både i utsjånad og væremåte.
Gode gutar er dei no uansett begge to.
Me var og song på Lye i helga. Trass i litt få oppmøtte, hadde me ein kjempekjekk kveld! Eg trivdes i alle fall, og alle eg snakka med hadde berre positive kommentarar. Trass i den lange turen var det verd det - alt for maten til mor! Eller for å synga på Lye. Me kom lørdags ettermiddag, så me fekk litt tid heime og. Ei fantastisk helg!
Dette er frå køyreturen heim frå Lye. Me køyrde heimefrå ei gong rundt ti om kvelden, og kom oss vel i seng rundt halv tre (etter å ha levert leiebilen o.l.). Etter mi meining er køyreturen halve moroa, så eg koste meg i alle fall!

1 kommentar:

Anonym sa...

ÅÅÅÅÅÅÅÅå eg gler meg til du kjem heim til jul, Høyres ut som du stortrives. God bless