onsdag, mars 28

den siste kor- konserten...

I kveld skjer det noko spesielt i mitt liv. Den aller siste konserten med skulekoret er nemleg denne onsdagskvelden. Sidan Grieg døydde for 100 år sidan, har Lundehaugen vgs sett opp ein konsert til minne om han. Det vert ikkje berre korsong, men og solosongar, og nokre frå danseklassane skal dansa.

Eg gler meg litt, men eg gruer meg mest. På ein måte er det kjekt at me snart er ferdige på skulen. Samstundes tykkjer eg det er litt trist. Tre av mine beste år har eg tilbrakt her. Ingen andre skular kan samanliknast med denne etter mi meining. Det er heilt spesielt, og ein veit ikkje kva eg snakkar om før ein har prøvd det sjølv. Samhaldet, kontakten og ironien på skulen er på eit heilt anna nivå enn det var på barne- og ungdomsskulen. Her er det ingenting som heiter utdritning, ein ler ikkje lenger av andre, men med dei.

Kanskje er det faga som gjer at me har vorte så utruleg godt samansveiste, kanskje er det berre oss sjølv som gjer det. Skulen har rykte på seg for å ha mange spesielle folk - luniar - men kva gjer vel det? Eg har aldri hatt det så kjekt på ein skule før. Aldri har norsktimane vore så fulle av latter (og lærdom), og aldri før har eg hatt nedtelling til skulestart. Før talte eg dagane til feriane, no tel eg dagane til neste skuledag (ok, litt drøytt, men det er ikkje langt frå sanninga).

Du tykkjer kanskje eg er sær som seier dette, men slik er faktisk stoda. Kvar dag er lik nye opplevingar og morosame hendingar, latter og glede med vennene mine. Det er nett det eg vil kalla klassekameratane mine, venner. Eigentleg kunne eg og kalt mange av lærarane mine for mine beste venner, for forholdet til lærarane er som forholdet til alle andre i klassen. Me snakkar om alt, ler og diskuterer, og finn på mykje rart.

Eg kjem til å sakna klassen min ekstremt mykje. Det vert aldri det same utan dei sprø folka. Aldri har eg følt meg så vel og så godtatt, alle er spesielle, og alle forten å vera spesielle. Me er ikkje skapte for å vera like, og det er nett dette som er så bra med skulen. Alle vert godtekne for den dei er, ingen treng skjula seg sjølv.

For å ta eit døme:
Eg har ein blind og ein svaksynt i klassen min. Desse to er heilt ekstreme på å etterlinka andre sine stemmar. Dei kan etterlikna mest kven som helst, alle frå bjarne brønbo til den særaste læraren på skulen. Dette gjev oss latterkuler i tide og utide, anten dei spontandiktar songar eller dei parodierer lærarane - med særtrekk. Dette er berre ein liten del av kvardagen i min klasse.

Kort sagt:
Eg digger klassen min, og kjem til å sakna alle saman kjempemykje, både på godt og vondt!

No må eg gå og eta, kvelden kan verta lang.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Lenge leve luni!!!!!!!!!! komme te å savna folkå og samholdet, men ikkje stresset og den dårlige oversikten!=P
Men Lunia RULE!!!

Pingu

Silje og Dan sa...

hehe=) ja, ikkje sant! dæ æ en heilt geniale skule, æg håbe at mine onga vil gå der viss æg får onga nogen gong=) dæ æ verdens beste skule.. mæ dæ besta volleyballage;) å verdens beste samhold.. sjøl om dæ varte verdens raraste blandingsdialekt..=)

Luni 4ever... =)

Linda sa...

Gralla me dagen! Have fun today. Og go påske =)