onsdag, august 30

Først kommer Merkur, og Venus nummer to...

Først kommer Merkur, og Venus nummer to. Og så kommer Jorda, og Mars er det jo. Og Jupiter og Saturn, Uranus og Neptun, og Plu... vent nå litt...

Som du kanskje husker fra første (eller andre?) klasse, hadde solsystemet vårt ni planeter. Siden vitenskapen nå som før er mye snakk om definisjoner på hva som er sant og usant, er det med glede (og litt sorg) jeg nå forteller dere denne nyheten. Det man tatt som en selvfølge siden 1930, er nå blitt usant. Vår aller minste planet er nemlig nå blitt degradert, fra planet til dvergplanet. Man ventet i forrige uke at man skulle få 12 planeter i stedet for 9, men i stedet endte man opp med en mindre. Trolig fikk vitenskapsmennene nok trøbbel med å telle til åtte, om de ikke skulle måtte telle til både ti og 12. Viser forøvrig til Alette sin blogg, http://ekkoekko.blogspirit.com/ , for mer informasjon. Jeg gjør med det samme oppmerksom på avslutningskommentaren hennes.

Vitenskap er fantastisk eller hva?
Fantastisk...uforutsigbart...
Fantastisk...mye nytt å lære...
Fantastisk...mye å følge med på...
Fantastisk...mange ting man har trodd på i mange år, som senere bare viser seg å være en teori som blir forkastet...

Vitenskap...Man kan aldri få nok, det er alltid noe nytt å lære...

Likevel må jeg jo si, jeg interesserer meg jo for det...

Forresten, hva med drivhuseffekten?

framtidsplanar?

No har eg byrja på VK2, og av erfaring veit eg at året snart er slutt. Det er tydeleg at eg ikkje er einaste personen som har gjort meg den erfaringa. For tida spør nemleg alle meg "kva skal du gjera etter vidaregåande?" eller "kva har du tenkt å bli?". Som vanleg har eg ikkje noko fasitsvar. Eg har ikkje ein gong ein hypotese (haha, naturfag frå grunnkurs!). Kva skal eg gjera etter dette året? Slik det ser ut no, har eg inga aning. Kanskje tek eg eit år på folkehøgskule eller språkskule. Eller ender eg kanskje opp i Tyskland for å studera, på konservatoriet i Stavanger, eller på førskulelærar?

Dette er berre eit av mange val, men likevel kjem det truleg til å styra store delar av livet mitt. Derfor er dette valet utruleg viktig, det gjeld å velja rett! Korleis veit ein kva rett er? Kan ein ikkje berre fylgja straumen og sjå kor ein ender? Nei, dette valet er altfor viktig til å la andre gjera det for deg.

"Valet seier kven du er, å ikkje velja er å fylja andre sine val. Når ein ikkje vel, er all personlegheit og fridom vekk. Ein vel vekk eins eigen fridom til å velja. Då vel ein på sett og vis å ikkje vera til. Den som kjenner eit personleg ansvar, er ein sjølvstendig person. Elles fins ein mest ikkje." (Helge Fritzen, religionslærar v/ Lundehaugen vgs)

Kanskje er dette valet eit dårleg døme til å ta opp denne diskusjonen, sidan dei fleste vel sjølv. Dessverre er det nokre av dei som vel det venene vel, av frykt for å mista dei kjende og kjære rammene dei har i livet frå før. Dette tykkjer eg er utruleg trist, for tross alt, skal ein kunne leva med det yrket ein vel i alle fall store delar av livet. Ein vel faktisk vekk litt av ein sjølv. Dersom ein likar å teikna, skal ein då velja å studera til elektroingeniør, berre fordi eins beste ven gjer det?

Kva tykkjer du om saka? Har du lagt planar for dei neste åra? Kva skal du gjera etter vidaregåande/ kva gjer/gjorde du etter vidaregåande? Kvifor, og kva er grunnane for valet ditt?

onsdag, august 16

...oups...

her kommer enda et innlegg fra Tysklandsturen. jeg må jo bare legge inn et minne fra et uhell jeg hadde. noen som kan tenke seg hva som hendte? hvem tipper best? føl deg fri til å kommentere!


fredag, august 4

Fleire bilete frå Tyskland

Utsikt over Rhinen. Etter ein båttur på Rhinen,
gjekk me nemleg opp på eit fjell dei kalla "Drachenfelsen", eller dragefjellet på norsk. Det var visstnok eit poeng med namnet, men eg fekk ikkje heilt med meg kva det var... Utsikten var i alle fall fantastisk. Biletet er litt mørkt i forhold til kor fint vær det faktisk var, noko eg ikkje skjøner. Jaja. Når me kom til toppen, var alle like våte på ryggen, sidan det tross alt var 35 grader i skuggen, og me gjekk så å sei heile tida i sola. Heilt oppe på toppen av fjellet, var det ein maskin med ein drage inni som fortalte historia til fjellet, men eg kan dessverre ikkje gjenfortelja historia. Eg nøyt berre utsikta...



Eit lite innblikk på "Internationaler Abend" i Bonn. Her skulle alle landa koma med eit innslag frå deira land. Helst skulle me og fortelja ein del frå landet, men det var ikkje så nøye. Her fekk me sjå mykje rart, mykje morosamt og mykje flott. Me fekk både sjå, høyra, prøva og smaka på dei ulike kulturane. Nokre land bidrog med ein folkedans, som på biletet til høgre her, frå India. Ho eine frå India dansa nemleg mage-/ hoftedans. Dette var utruleg morosamt og fascinerande å sjå på! Me frå Noreg hadde ikkje gadda å dra med bunader o.l. Kven gidd vel dra med seg ei bunad, når max. bagasjevekt er 20 kg? Ingen av oss i alle fall. Eg var så heldig, at eg slapp å seia eit einaste ord på tysk denne kvelden. Me inngjekk ein avtale, som sa at dersom eg song to folkesongar, skulle eg sleppa å seia noko anna. Dei andre stod derfor for foredragdelen. Gjett om eg var glad for det, sidan dette berre var fjerde dagen i Tyskland, og eg hadde så å seia mest ikkje snakka tysk i det heile. Heldigvis endra dette seg etter kvart.



Her er endå eit bilete frå den internasjonale kvelden.
Dette er Latvia, som framfører ein folkesang. Dessverre hugser eg ingenting anna frå denne songen, men det var festleg å sjå på dei. Desse var ikkje dei einaste som kom med lokale songar, men nokre land kom med litt meir kjende songar enn andre. Mellom anna Australia song "Waltzing Matilda", til alles fryd. Heile festen varte i over tre timar, men me koste oss skikkeleg heile festen gjennom. Aldri før har eg opplevd så mange ulike kulturar på ein stad. Me hadde det så kjekt saman, og alle var vener. Det betydde ingenting kvar me kom frå, eller korleis me såg ut. Alle var like velkomne. Dette saknar eg verkeleg frå Tysklandsturen.




Siste biletet frå "Internationaler Abend". Her er Australia. Chris (biletet) sprang rundt som ein tulling i salen, iført desse kleda, og leika supermann. Det han eigentleg gjorde, var å dela ut australsk kake og nokre små kenguru- og koalanøkkelringar. Han var og den som spela gitar når deltakarane frå Australia song "Waltzing Matilda". Eg må seia, eg hadde eigentleg aldri trudd at det fantes nokon i Australia som lærte tysk, sidan dei allereie snakker det språket som er mest utbreidd i verda. Her tok eg altså feil. Derimot gjorde det meg ingenting at dei var med på turen, for då hadde me ein liten unnskyldning til å snakka engelsk i staden for tysk. Dersom me ikkje "kunne" orda på tysk, la me berre om til engelsk, også "gløymte" me å legga om att. Forresten, kaka frå Australia var kjempegod, og nøkkelringen ligg fint til pynt på kommoden. Etter alle landa, avslutta leiarane våre kvelden med "Schneewitchen und die sieben Zwerge". Dette var kjempemorosamt!




I alt var me fem norske som fekk stipendet. Derimot fekk me ikkje vera saman alle, så me vart delte i to grupper. Desse to (Tuva og Stian) hamna på ei anna gruppe. Dei er to kjempekjekke personar eg alltid kjem til å hugsa. Eg tykte det var trist at me vart delt på to ulike grupper, men me overlevde no det og. Dessutan var me saman ein del for det om, så me lei inga naud. Korleis skulle eg klart meg utan andre norske i Tyskland? Elles må eg berre kommentera kor utruuleg bra dette biletet av Stian er... hahaha=)

onsdag, august 2

Bilder fra Tyskland

tenkte kanskje noen var nysgjerrige på bilder fra Tyskland? Derfor legger jeg i hvert fall inn noen få nå, og for de som er ekstra nysgjerrige, så har jeg i alt nesten 900 bilder, så dere er alle velkomne for å se en dag. Bare gi meg beskjed på forhånd!


Dette er hele gruppen min samlet. Disse personene lærte jeg virkelig å kjenne, på godt og vondt. Vi trivdes kjempegodt i lag, alle sammen, og jeg kommer for alltid til å huske dem. Jeg savner dem så mye!



...Hadde jeg bare husket hva dette slottet het. Fint var det i hvert fall, og den hagen! Dette var det første slottet vi var i. Det er enten i Köln eller Bonn, jeg skal gi nærmere opplysninger når jeg finner det ut...


Püppi, verdens søteste hund! Denne hunden har faktisk egen hjemmeside og greier. Jeg må si, hvis jeg ikke er enig i at det er verdens søteste hund, så er det uansett en av dem.


Kölnerdommen. Dette er bare en del av den, men bildet sier vel sitt. Vi gikk alle de 509 trappene til topps i denne, og utsikten var enorm! Denne turen kommer jeg nok til å huske, ikke bare på grunn av trappene, men på grunn av alle de utrolig skjelvende føttene jeg så da jeg kom ned! Noe så morsomt!


Stedet jeg og vertsfamilien min klatret på i Neustadt. Egentlig er dette et godt stykke utenfor Neustadt, men man finner ikke akkurat fjell midt i byen... Det var utrolig gøy å klatre her, ikke bare fordi jeg aldri hadde vært der før, men fordi det var ute, og fordi jeg aldri har klatret ute før! Her er det bare en ting å si: det må bare oppleves!

Dette er bare bilder fra litt av første delen av turen. Hvis det er interesse for det, legger jeg gjerne inn flere.