torsdag, september 24

10 ting...

Så var det min tur, eg har vorte utfordra. Ingeborg utfordra meg til å skriva 10 ting om meg sjølv som ikkje alle veit. Eg tviler på at eg klarer det no i farten, men her kjem eit forsøk på det:

1. Eg snakker (og svarer, syng, ler, kjefter og skrik) i søvne.
Når Karen Elise var på besøk tidlegare i år, skreik eg så høgt (framleis i søvne) at minstejenta til dei me bur hjå, vakna.
2. Eg er livredd edderkoppar.
Fobien er vorten litt betre no, men eg får til tider panikk.
3. Eg syng (nesten) alltid for full hals når eg køyrer bil.
Gospel og testing av register er to stikkord.
4. Eg kan jodla.
Ja, det er faktisk sant...
5. Når eg gjekk i 9. klasse, likna eg på ein blond versjon av Ugly Betty.
Briller, regulering og midtskill, treng eg seia meir?
6. Eg snakker ofte før eg tenkjer.
Det resulterer jo i mange småfrekke kommentarar, som forøvrig ikkje høyres frekke ut i hovudet mitt.
7. Når eg blir veldig sint, må eg ut og jogga for ikkje å knusa noko.
Ingen kommentar, anna enn at dette har betra seg med åra.
8. Eg har ein tendens til å koma i "hemmelege" samtalar med dei fleste om alt frå forelsking til død.
Sånn er det berre.
9. Eg oppfattar sjeldan "dårleg stemning".
Det skjer både titt og ofte at andre kommenterer "dårleg stemning", utan at eg har lagt merke til denne. Som regel sit eg i andre tankar og er ikkje klar over at samtalen har stilna.
10. Gutar trur ofte eg er forelska i dei.
Her har eg faktisk ikkje peiling på kva årsaken er, men har eigentleg slutta å bry meg.

Ingen kommentarer: