onsdag, mars 28

den siste kor- konserten...

I kveld skjer det noko spesielt i mitt liv. Den aller siste konserten med skulekoret er nemleg denne onsdagskvelden. Sidan Grieg døydde for 100 år sidan, har Lundehaugen vgs sett opp ein konsert til minne om han. Det vert ikkje berre korsong, men og solosongar, og nokre frå danseklassane skal dansa.

Eg gler meg litt, men eg gruer meg mest. På ein måte er det kjekt at me snart er ferdige på skulen. Samstundes tykkjer eg det er litt trist. Tre av mine beste år har eg tilbrakt her. Ingen andre skular kan samanliknast med denne etter mi meining. Det er heilt spesielt, og ein veit ikkje kva eg snakkar om før ein har prøvd det sjølv. Samhaldet, kontakten og ironien på skulen er på eit heilt anna nivå enn det var på barne- og ungdomsskulen. Her er det ingenting som heiter utdritning, ein ler ikkje lenger av andre, men med dei.

Kanskje er det faga som gjer at me har vorte så utruleg godt samansveiste, kanskje er det berre oss sjølv som gjer det. Skulen har rykte på seg for å ha mange spesielle folk - luniar - men kva gjer vel det? Eg har aldri hatt det så kjekt på ein skule før. Aldri har norsktimane vore så fulle av latter (og lærdom), og aldri før har eg hatt nedtelling til skulestart. Før talte eg dagane til feriane, no tel eg dagane til neste skuledag (ok, litt drøytt, men det er ikkje langt frå sanninga).

Du tykkjer kanskje eg er sær som seier dette, men slik er faktisk stoda. Kvar dag er lik nye opplevingar og morosame hendingar, latter og glede med vennene mine. Det er nett det eg vil kalla klassekameratane mine, venner. Eigentleg kunne eg og kalt mange av lærarane mine for mine beste venner, for forholdet til lærarane er som forholdet til alle andre i klassen. Me snakkar om alt, ler og diskuterer, og finn på mykje rart.

Eg kjem til å sakna klassen min ekstremt mykje. Det vert aldri det same utan dei sprø folka. Aldri har eg følt meg så vel og så godtatt, alle er spesielle, og alle forten å vera spesielle. Me er ikkje skapte for å vera like, og det er nett dette som er så bra med skulen. Alle vert godtekne for den dei er, ingen treng skjula seg sjølv.

For å ta eit døme:
Eg har ein blind og ein svaksynt i klassen min. Desse to er heilt ekstreme på å etterlinka andre sine stemmar. Dei kan etterlikna mest kven som helst, alle frå bjarne brønbo til den særaste læraren på skulen. Dette gjev oss latterkuler i tide og utide, anten dei spontandiktar songar eller dei parodierer lærarane - med særtrekk. Dette er berre ein liten del av kvardagen i min klasse.

Kort sagt:
Eg digger klassen min, og kjem til å sakna alle saman kjempemykje, både på godt og vondt!

No må eg gå og eta, kvelden kan verta lang.

fredag, mars 16

Jeg tikker tikker tikker tikker deg..

Så va dæ min tur te å varta tikka.. gange tri!

reglane æ:
den så varte tikka må skriva 6 merkelige ting om sæg sjøl. han/ hu må forklara reglane for spæla, for så å tikka seks nye. desse skrive han/ hu navne på i bloggen, for så å legga ijenn kommentar sjå dei så varte tikkte om at dei he an. der ska dæ ao vær henvisning te egen blogg for å forklara kæ di ska jær..

så nå får æg for å ikkje ha blogga på lenge..

dei rare tingå om mæg æ:

- æg seie eskImo, mæ trykk på i-en i plassen for på o-en så di fleste andre jære.
- æg lige å hoppa i sølepytta, sjøl om æg æ 18 (snart 19) år.
- når æg va liden hadde æg kje heilt fatta kæ så va forskjellen på flokk å jeng, å derfor sa æg: "Sjå, der æ dæ en jeng mæ fogla!"
- æg digge ei tyske gruppa så hette die prinzen å så he massevis av spesi teksta.
- æg synge ofta i søvne, å ofta forandre æg teksten, sånn at f.eks. koko varte kvakk kvakk osv.
- æg he jee frå lye te nærbø å heim ijenn bare på jillt (å varhaog- vigrest).

si æg vart tikkte tri gonga, så må æg vel skriva 18 rare ting om mæg sjøl? men dæ vett æg jammen kje om æg greie..

- når æg va liden lekte mæg å bestekameraten min frisør, å æg kom heim mæ kort hår.
- æg prøvte ud mange forskjellige yrke når æg va mindre. bl.a. brannmann, då me lekte mæ vannslangen om vintaren.
- malar he æg ao prøvt, då brokte me sorpa å malte heila huse te bestekameraten min.
- når æg æ leie elle sinte så spæle æg masse trist på piano, alt itte kæ tona å akkorda så dette inn i håve mitt.
- æg varte hyper av sjokolade (elle tanken på sjokolade?)
- æg kjupte en signaloransje bikini i sommar, bare fordæ at fargen va så kule.

åsså di seks siste..

- viss æg æ litt fodle i garp, så sedde æg ofta opp dæ mest ekstrema smile æg kan, noge så ofta føre te latter. dette jær æg automatisk, dæ æ rett å slett en uvane...
- æg kan sjegla mæ bare et aoa.
- æg skrive så likt sånn æg snakke at mange seie di høyre for sæg mæg når di læse dæ æg skrive.
- te nå he æg fått best karaktera på dei prøvane der æg he jee itte en time, mod dei gongane æg he såde i to elle meir.
- æg digge å snakka tysk å æg digge tysk kultur.
- æg klare allre sidda heilt i ro lengar enn 5- 10 minutt (viss æg klare dæ så lenge)...

dei æg tikke æ:
- Kalle å Katrine
- Nina
- Leif Magne
- Svein Erik
- Alette
- Twinpin - Elisabeth