torsdag, mars 13

Tekniske duppeditter = irritasjon

I dag hadde eg endeleg manna (dama?) meg opp til å svara på ein hensynslaust lang mail. Som alle fornuftige menneske i verda, skreiv eg sjølvsagt svaret direkte inn i mailen i staden for å kladda han fyrst. Eg tykte eigentleg svaret mitt var ganske bra med tanke på kor utfordrande spørsmål vedkommande hadde stilt. Då eg var ferdig å skriva mailen, var den på lengde med ein norskstil frå 8. klasse. Lita tid som eg hadde, og kjapp i vendingane som eg er (i alle fall når det gjeld trykking og snakking), så trykka eg på send.


Å NEI!

Knappen eg trykka på var ikkje send, det var "back to inbox"! Mailen var og blei vekk, aldri meir ser eg noko til den. Trur du eg har svart på mailen no? Å neida, den ligg nok markert som ulesen i innboksen min. Når eg skal skriva lange mailar, skal eg byrja å kladda dei fyrst. PUNKTUM!