onsdag, august 30

framtidsplanar?

No har eg byrja på VK2, og av erfaring veit eg at året snart er slutt. Det er tydeleg at eg ikkje er einaste personen som har gjort meg den erfaringa. For tida spør nemleg alle meg "kva skal du gjera etter vidaregåande?" eller "kva har du tenkt å bli?". Som vanleg har eg ikkje noko fasitsvar. Eg har ikkje ein gong ein hypotese (haha, naturfag frå grunnkurs!). Kva skal eg gjera etter dette året? Slik det ser ut no, har eg inga aning. Kanskje tek eg eit år på folkehøgskule eller språkskule. Eller ender eg kanskje opp i Tyskland for å studera, på konservatoriet i Stavanger, eller på førskulelærar?

Dette er berre eit av mange val, men likevel kjem det truleg til å styra store delar av livet mitt. Derfor er dette valet utruleg viktig, det gjeld å velja rett! Korleis veit ein kva rett er? Kan ein ikkje berre fylgja straumen og sjå kor ein ender? Nei, dette valet er altfor viktig til å la andre gjera det for deg.

"Valet seier kven du er, å ikkje velja er å fylja andre sine val. Når ein ikkje vel, er all personlegheit og fridom vekk. Ein vel vekk eins eigen fridom til å velja. Då vel ein på sett og vis å ikkje vera til. Den som kjenner eit personleg ansvar, er ein sjølvstendig person. Elles fins ein mest ikkje." (Helge Fritzen, religionslærar v/ Lundehaugen vgs)

Kanskje er dette valet eit dårleg døme til å ta opp denne diskusjonen, sidan dei fleste vel sjølv. Dessverre er det nokre av dei som vel det venene vel, av frykt for å mista dei kjende og kjære rammene dei har i livet frå før. Dette tykkjer eg er utruleg trist, for tross alt, skal ein kunne leva med det yrket ein vel i alle fall store delar av livet. Ein vel faktisk vekk litt av ein sjølv. Dersom ein likar å teikna, skal ein då velja å studera til elektroingeniør, berre fordi eins beste ven gjer det?

Kva tykkjer du om saka? Har du lagt planar for dei neste åra? Kva skal du gjera etter vidaregåande/ kva gjer/gjorde du etter vidaregåande? Kvifor, og kva er grunnane for valet ditt?

1 kommentar:

is sa...

Heia Silje!=)
Æg kjenne mæg igjen her ja, hadde mange tanka rondt "neste år" i løbe av sista åre på vgs. Nå he "neste år" kåme, å æg sidde mæ enn goe følelsa av at valge æg tog, va rektigt! Æg æ ettåring på f-huse (så du kanskje he fått mæ dæg) å går bitte litt på bibelskulen i grimstad, å æg trur æg får ett KONGE år! Glede mæg ufatteligt møje t å få kåma skikkeligt i gang!

Æg huske at d va heligt å bestemma kæ "neste år" sko inneholla, å æg bestemte mæg rellativt tildigt (i januar/februar), d va så godt å få d ud av verden. Æg vil ønska dæg lykke t mæ å bestemma kæ live vil bringa mæ seg, å ta mæ Gud i avgjørelsen din! For mæg va han veldigt dellaktige, såg d kje då, men he sitt d i itte ti, å d æ gått å veda! Kje ta nogen forhasta beslutninga, å kjenn på magefølelsen!=)

LYKKE T!=) (glede mæg t å hørra kæ du bestemme dæg for..)=)

-ingrid-