tirsdag, desember 29

Jæren sitt versletne tre

Såg du Jæren sitt versletne tre,
ståande der ved eit gamalt le?
Einaste treet på langande lei,
det luter mot sør, ved ein markavei.

Mot nord er det snautt, er vese og bart.
Der har nok veret vore for hardt.
Men sørover tøyande greiner det er,
med lauvrike kvistar, ja, blomar og bær.

Det er ikkje fint, neimen er det så.
Ei lurvete kroksa, slik er det å sjå.
Men nettopp det treet har noko å sei:
- Du skal ikkje gje opp, om vegen vert lei!

Den rot som er festa i sikker grunn
vert ikkje rykt opp i ei stormversstund.
For bergar du livet, når mest det gjeld,
det dyraste har du igjen, likevel.


Henta frå boka, Kjellaug Marie Bakke: Takk Gud for livet.

Ingen kommentarer: