fredag, september 11

På tide å bry seg

Eg les ei bok for tida som heiter "Alltid nok" av Heidi og Rolland Baker. Boka handler om korleis livet som misjonær i Mosambik har vore for dei. Gong på gong vert eg rørt av arbeidet deira. Her sit me i litle Noreg med meir mat og materialistiske ting enn me nokon gong kan bruka. Likevel ynskjer me stadig meir. Når skal me byrja å sjå desse fattigaste av dei fattige i verda? Det er på tide å bry oss. Me har meir enn nok, er det ikkje på tide å gje litt av vår overflod?




Bilete henta frå irismin.com/latest_news.cfm




Bibelen fortel om Jesus som sit ved tempelkista og ser på alle desse som gjev av det dei har. Denne fattige enka som gjev nokre få myntar, seier Jesus at gav mest av alle. Dei andre gav av sin overflod, men denne kvinna gav alt ho hadde. Medan me sit her og tviheld på alt me har, utan å gje så mykje som 50 øre til desse som ikkje eingong har mat. Burde me ikkje snart byrja å bry oss?

I dag vart eg utfordra av det som står i lukas 18, 22:

"Ein ting mangler du framleis: Selg alt du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!"

Jesus kallar oss til å gje slepp på vårt eige, ta opp våre kors og fylja Han. Kva gjer me med dette?
Eg tykkjer det heile er uoverkommeleg utfordrande, men eg håpar at eg ein dag skal klara dette. Derfor prøver eg å utfordra meg sjølv med dette som mål. Eg har langt att, og eg veit at eg like mykje som alle andre tviheld på det eg har, men eg ynskjer så verkeleg å gje av min overflod til desse som er Jesu minste, desse som er svoltne og treng mat.

"For eg var svolten og de gav meg mat, eg var tørst og de gav meg drikke, eg var framand og de tok imot meg." (Matt. 25, 35)

Kva gjer du med utfordringa du har fått?

1 kommentar:

Ingeborg sa...

Du er utfordra! (og du er et av dei minst vimsete menneska eg veit om) Sjå min blogg... :)

Du skriver forresten fint og tankevekkande.

:)