tirsdag, juli 10

Jesusgutten

Nå nettopp skjedde det noko rart. Eg skulle eigentleg berre sjekka mailen min, men så var det ein fyr som hadde lagt meg til på msn. "Lurer på kven det er", tenkte eg. Det tok ikkje lange stunda før eg skjøna at det ikkje akkurat var kjentfolk. "Sett på webcamen'a", var omtrent det han hadde å seia. Då eg spurde han kvar han hadde fått mailen min frå, sa han merkeleg nok "Jesus". Dette gjorde at eg snakka litt med han, for eg tenkte at det ikkje akkurat var eit normalt svar. Etter ei stund sa han at han ikkje visste kvar han fekk mailen min i frå. Deretter fortsatte han berre å masa om at eg skulle setja på webcamet.

Sidan eg nett har vore på Skjærgårds music & mission, var eg snar til å ta sjansen. Denne guten kjende eg jo ikkje i det heile, men det var tydeleg at han trengde Jesus. Eg byrja å vitna, og bad dei få sjelene som var innpå msn om å be. Guten vart i byrjinga berre irritert, å trua med å blokkera meg dersom eg ikkje skrudde på webcamet. For meg hadde det eigentleg relativt lite å seia, anna enn at eg ville vitna, så eg fortsatte å snakka om Jesus. Ei lang stund var han berre stille. Lite veit eg om han i det heile tatt leste kva eg hadde å seia til han, men han sa i alle fall ingenting.

Etter ei stund med mykje mas, sette eg på webcamet. Då hadde eg snudd det, så det vende mot veggen min ovanfor nattbordet. Der heng det ein engel - godt gjennomtenkt. Eg veit lite om korleis dette kjem til å enda, for eg er ganske sikker på at eg, etter halvannen time vart blokkert. Men Guds Ord vender aldri tomt attende, og ein kan utretta mykje med bøn! Derfor bed eg alle som les dette om å be for ein 25 år gammal gut frå Oslo med namn Lars. Han treng Gud, og Gud lengtar etter han! Så vær så snill å be for denne fortapte sonen!

Guds velsignelse til alle saman!
-Silje-
(Sponsa av Gud sjølv=)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg tror du fikk formidlet noe av Guds nåde, Silje. Og som du sier; Guds ord vender aldri tomt tilbake. Fortsett å be for han! Var det bra på Skjærgårds?? :) Gleder meg til å se deg på LINK. Jippi! Klar for Kr.sand til neste år? Har du allerede funnet plass å bo? Spennende!!!

Silje og Dan sa...

skjærgårds va fantastisk! litt blaott, men me klarte oss fint! æg ao glede mæg enormt te LINK, å Kr.sand glede æg mæg ao te. dæ varte litt rart å flytta ud, men æg trur dæ æ litt godt ao, ta litt meir ansvar.. =) æg får bu i et hybelhus mæ 7 andre, dæ æ skulen så leie ud dei...=) dåkke må bare ta turen, dæ hadde våre kjempejillt!