torsdag, november 10

Solistar på Luka/s!

Jippi!
Endeleg! Eg har truleg funne ut kven som kan erstatta soloen min på "I Believe"! Eg trur eg skal halda det for meg sjølv ei stund til, men eg kan lova at ho er god!

Denne jenta har høyde, kraft og "guts"! Ho er verkeleg god! Det verkar ikkje alltid som om ho er einig med meg, men dette skal me få endra på... Eg gler meg verkeleg til å høyra korleis det går. Snakka med henne i dag, og song gjennom songen med henne, og det er utruleg korleis ho har endra prestasjonen frå tysdag til torsdag! (Positivt altså!)

Så, for dei som går på Luka/s, gled dykk til ho kjem på banen! Dette vert spanande!

Luka/s:
Lye UngdomsKor a/s
Tysdagar kl. 20.00-21.30
Leiarar:
Stine Marie Hafver (dirigent og hovudleiar)
Silje Vinsevik (pianist og leiar)

Come, let us sing!!!

Kom igjen alle saman, lat oss syngja!
(På godt nynorsk)

1 kommentar:

Silje og Dan sa...

heh, æ kje sikkart at du får veda kem dæ æ på tirsdag då, men.. trur hu ska få sjansen te å øva litt meir før hu må synga for heile jengen.. æ tross alt en ganske krevande sang.. =)

men æg låve, viss hu vil synga an sånn på opptredena å sånt, så ska de nok få høyra na.. viss ikkje må me vel finna ei reserveløysing, koss nå enn dæ ska gå...

men æg ao glede mæg for å sei dæ sånn... =)varte ganske digg å sjå om o får dæ te å sånt.. men æg tvile vel egentle ikkje... =)

gled dæg jaffal!
du kjæme vel i kvell forresten? =)

klem